top of page

Stryneprinsar

Når eg først så denne vesketypen vart eg veldig begeistra! For dei er unekteleg spesielle og unike, Stryneprinsane. På digitalt museum åleine finst det eit titals veldig godt verna Stryneprinser, og dei tilhøyrer alle Nordfjord folkemuseum.


Stryneprinsane som er funne blir datert alle til ein tidsperiode på om lag 50 år, og dei kjem alle frå same geografiske område, sentrert rundt Stryn og Nordfjord i Vestland fylke tidlegare Sogn og Fjordane (sjå kart).



Den første Stryneprinsen eg ønsker å presentera er denne frå 1878.


Det interessant med Stryneprinsane er at dei har eit heilt særeigent estetisk uttrykk som skil seg markant frå alle andre eldre vesketypar eg har sett. Både "dragemønsterene" (der denne veska inngår) og “tulipanmønster” som kjem til å presenterast seinare. Mønsteret er med stor sikkerheit prega inn i skinnet. “Dragemønsteret” er sannsynlegvis prega med pregepinnar eller falsbein, og dei detaljerte mønstera rundt omkring er prega med mønsterhjul. Dette veit vi då Nordfjord Folkemusem har nokon verna mønsterhjul som er laget av ein gjørtlar i Hornindal.


Her er eit bilde av mønsterhjulene, bilde tatt av Nordfjord Folkemuseum:

Mønsterhjul brukt på Stryneprinsar, bilde tatt av Nordfjord Folkemuseum.

Ein interessant fellesnemnar ved fleire av stryneprinsane er at mange har selskinn med håret på nærast ryggen. Truleg heng dette saman med at det blir varmare å ha sekken på seg. Håra på denne veska er for gamle for meg å sjå kva selart det er, det finst blir tross alt mange artar i norske farvatn! Her er eit bilde av ryggen med selskinnet:



Du finn fleire bilde av veska her: https://digitaltmuseum.org/011025119221/berereiskap


Viss du har meir informasjon om Stryneprinser eller andre eldre norske vesketypar, ta gjerne kontakt på roar@sorli.se!


 

English


When I first saw this bag type I was absolutely flabbergasted, they are definitely one of a kind. Bags of this kind are called “Stryneprinser”, and on the online museum service “Digitalt Museum”, there are approx. 10 - 14 documented examples of the type. They were all produced in a small geographic region in the western parts of Norway (see map on image 1), and in the span of about 50 years.

The bag pictured was made in 1878.


The interesting thing about this sort of bag is that it has a very distinct look, and they are fairly easily recognizable. The hallmarks of a "Stryneprins" are:


  • They all have elaborately decorated lids. Two pattern types were common for the main decoration, one type resembles a dragons/serpents, and one pattern type resembles flowers (tulips?). This particular bag is decorated with a serpent-type pattern. (se image 2)

  • Smaller decorations around the main pattern were made with marking wheels made by a local blacksmith. (see image 3).

  • The part of the bag closest to the back were most often made with seal skin with the hairs intact. (see image 4)


I will present more hallmarks in later installments of this blog series.

bottom of page